[Oslo kommune, Byarkivet]


I Oskar Braatens fotspor

«Lykkelig er den som aldri har kjent den helvetes pine det er for en fattig gutt å være født med ærgjerrighet!»

 

Tekst: Aina Basso


Ein gong rann Akerselva full av kloakk og fabrikkutslepp gjennom Kristiania. Langs breiddene låg fabrikkar på rekke: Seilduksfabrikk, tekstilfabrikkar, papirfabrikk, spikarverk og gjærfabrikk. Fleire av fabrikkane tilbaud full pakke til arbeidarane sine, både bustad, etelokale, bedehus, skule, fritidsaktivitetar og likhus. Og på ei høgd ved fabrikken trona direktørbustaden: eit aldri sovande auge.

 

Det var i dette miljøet forfattaren Oskar Braaten (1881-1939) plasserte sine populære fiksjonskarakterar. «Mitt miljø er så sammengrodd med mitt eget sinn, at uten å beholde det kan jeg ikke sette penn på papir for å ‘dikte’», svarte han ein norsk-amerikansk litteraturagent som bad han skrive noko som passa for eit amerikansk teaterpublikum. Oskar Braaten skreiv om det han kjende til, som forfattarar har gjort til alle tider.I det som har vore nabolaget mitt dei siste åra, Torshov i bydel Sagene i Oslo, er spora etter Oskar Braaten overalt. Like ovanfor elva, på Oskar Braatens plass, låg inntil nyleg Vertshuset Oskar Braaten. Litt lenger nede strekker Oskar Braatens gate seg tvers over nedre Torshov. Oskar Braaten voks sjølv opp på hjørnet av denne gata, i Sandakerveien 12. 

 

Vi skal i denne artikkelen gå i Oskar Braatens unge fotspor gjennom kjelder som kanskje fortel noko anna om bakgrunnen hans enn det vi veit frå før. Vi skal utforske det tidlege livet hans, før han slo gjennom som forfattar, då han framleis var ein ukjent arbeidargut på Sagene.

 

Oskar Braatens plass

I Sandakerveien 12 budde Oskar Alexander Hansen saman med mora Berte Marie, som var ugift, og den fire år eldre søstera Hanna Mathilde, fram til han var ein fem-seks år. Som vaksen tok Oskar etternamnet Braaten, etter garden mor hans var frå, Braatan i Eidsvoll. Han kalla også opp hytta si på Trysil etter Braatan, og tilbragte mange gode år der mot slutten av livet.

 

Den vesle familien heldt seg i området Sagene – Torshov – Grünerløkka gjennom heile oppveksten til Oskar, område som på slutten av 1800-tallet var fattige arbeidarbydelar med små og rimelege husvære, like i nærleiken av fabrikkane, der dei fleste arbeidde. Elva var ikkje like flott å gå langs som ho er i dag, industrien sleppte det stinkande avfallet sitt rett ut i vatnet, etter seiande var sjølv rottene farga grøne, lilla og blå etter utsleppa frå tekstilfabrikkane. Men ungane bada der likevel, særleg i «kulpen», ei grunn vik i elva rett nedom Sandakerveien 12. Det var dette området som var Oskar Braaten sin eigen plass i byen.

   

Langs Akerselva, heile vegen frå Nydalen til Grünerløkka, låg fabrikkane Oskar Braaten skreiv om i så mange av forteljingane sine, og der mor hans, Berte Marie Olsen, arbeidde heile livet. Ho jobba både på Hjula veveri og på Vøien spinderi, tekstilfabrikken til Knud Graah, men ho sa sjølv opp hos Graah då ho var 70 år, for å unngå skamma i å bli oppsagt for høg alder. Marie fekk to born med den seks år yngre blekkslagaren Hans Oskar Haakensen Hansen, som budde i Sandakerveien 16, men dei gifta seg aldri. Han blei med skipet Rollo som gjekk frå Kristiania til Chicago den 29. april 1881, då han var 25 år gammal – sju månader før sonen Oskar blei fødd.

  

Om det var farskapet til nok eit barn utanfor ekteskap han reiste frå, eller om han som mange andre drøymde om å finne lukka i Amerika og få Marie og ungane over, teier historia. Men ein kan jo mistenke at det var ansvaret han reiste ifrå. Hans Oskar blei far allereie som 21-åring. Det at dei ikkje hadde gifta seg på dei fire åra som var gått etter at den første dottera blei fødd kan skuldast dårleg økonomi, men også manglande vilje.

  

Dottera til Oskar Braaten, Berit Strandvold, skreiv mange år seinare i sin biografi om faren at farfaren sjeldan blei nemnd. Det einaste ho kunne hugse at farmora nokon gong sa om han, var at sonen Oskar dessverre slekta på far sin på eitt vis, han var like morgongretten.

 

Fabrikpige Marie Olsen

Dersom ein blei vurdert som «verdig trengande» og tilkjent fattigstøtte, forhøyrde Fattigvesenet dei understøtta for å avgjere kor rekninga for stønaden skulle bli sendt. Hadde ein budd to år samanhengande på same stad, blei ein rekna som heimehøyrande der og hadde heimstamnsrett.      

  

Vi finn Marie Olsen i heimstamnsforhøyra til Fattigvesenet i Kristiania frå 1881, nokre veker før ho skulle føde sonen Oskar Alexander, og eit drygt halvår etter at barnefaren hadde forlate henne med amerikabåten: «1881 den 14de Nobr. opt. Hjemstavnsforhør over Fabrikpige Marie Olsen (Davidsdatter), der ved Schmidt ønsker Frisedel her. Angl. er født 10/10 1851 i Eidsvold paa Risebrobakken af David Olsen og Marie Olsd. Hun har boet i Sandakerv. 12, 3 Aar hos Gaasemeyer, saa i Sandakerv 14 1 Aar hos Bjørnsen, saa paa Thorshaug, Jacobsens Gaard 3 Uger. Bf. Blikkenslager Hans Hansen. Nærværende Forklaring er afgiven af Søsteren Maren Davidsen, der siger, at hun har et Barn før, der er hos hende, Faderen er samme Person som ovennævnte. Assistent Borgen opl 10/1 82. Angj. Har boet i Sandakerv. 12 og 14 i omtr. 3 Aar til sidst i Oktober 1881.»

  

Marie fekk støtte til innlegging på Fødselsstiftelsen, og sidan ho kunne bevise at ho hadde budd i Kristiania i meir enn to år, tilfall rekninga hovudstaden. Berit Strandvold skriv at bestemora kom gåande frå Eidsvoll og inn til hovudstaden som ung – berrføtt og med skoa i eit knyte, for å spare solane fram til dei første byhusa viste seg. Ifølgje folketeljingane kom ho til Kristiania i 1875, då ho var 25 år gammal: Marie Olsen oppgav forskjellige fødselsår i dei ulike kjeldene. Iheimstamnsforhøyret står det at ho var fødd i 1851 og i dei seinare folketeljingane er 1852 oppgitt som fødeår, men begge desse årstala er feil. Kyrkjeboka for Eidsvoll viser at ho var fødd 4. oktober 1850, og døypt 26. desember same år.

  

Også søstera hennar, Maren, oppgav i sitt heimstamnsforhøyr å vere to år yngre enn ho verkeleg var: de laug altså på alderen før i tida, òg. I forhøyret av henne kjem det elles fram ho hadde budd av og på hos søstera Marie sidan 1878, og det same hadde den yngre halvbroren deira, Hans Olsen, som var arbeidar.

 

Familien finst i folketeljingane

Vi kan følgje familien til Oskar Braaten gjennom folketeljingane for Kristiania, både dei kommunale og dei statlege. Den vesle familien flytta nokre kvartal lengre ned mot byen for kvar teljing, til hus som låg med omtrent lik avstand til elva og fabrikkane.

  

I det aller minste trehuset i Sandakerveien, i nummer 12, budde dei frå før Oskar blei fødd og fram til 1886-87, då dei flytta nokre hus lenger ned til den store leigekasernen i Holsts gate 2. Vi finn dei i Sandakerveien 12 både i den kommunale folketeljinga for Kristiania frå 1883 og i den statlege frå 1885, i begge bur dei saman med halvbroren til Marie, Hans Olsen, og i 1883 bur det også ei Julie Andersen i leilegheita, ho var fødd i 1859. Aage Lind gjengir i sin biografi om Oskar Braaten ei skildring av det vesle husværet familien rådde over:

  

«Det er ikke mange møbler i det ørvesle kammerset i Sandakerveien 12. Ved den ene langveggen står skapet og en pinnestol. På den andre siden tar kommoden og senga mesteparten av plassen. Senga rekker helt opp til dørkarmen på den innerste kortveggen. I den andre enden av kammerset, under det vesle vinduet, står bordet og to stoler, og i kroken til høyre den låge koksovnen med ringer på toppen.Det brenner i koksovnen og kaffekjelen putrer på ringene. Bordet er dekket med et par kaffekopper, en tallerken brødskiver og to matpakker. Her står også parafinlampa. Den er slokt, og det er halvlyst i kammerset.»

  

I den statlege teljinga frå 1891 finn vi familien i Holsts gate 2, den store leigegarden Oskar Braaten skreiv om i fleire av bøkene sine. Huset gjekk under namnet «Hjemmet», men Braaten har i bøkene omtala huset både som «Borgen» og «Slottet» og skildra dei på mange måtar dårlege buforholda som var der, fullt av mugg og sopp, og med sjukdom og død som flittige gjestar. 

  

I Holsts gate rådde dei over eit kammers og eit halvt kjøken, og det var lysare her i 3. etasje enn det hadde vore i nummer 12, og fint utsyn rett mot «løkka».  Kammers-

veggene var panelte og så «nydelige og lyserøde som tynn søtsuppe», og på kjøkenet som dei delte med ein annan familie, var det spring og vask og kjøkenbenk, og dei hadde kvar sin vegg med kvar si tallerkenrekke og sitt finaste blekktøy. Familiane hadde kvar sitt rom i kjøkenbenken og i skapet og kvar sin brøddunk bak døra. Det var rett nok berre éin komfyr, men det var to omnsdører i han. Når dei vaksne styrte gjekk det greitt, men ungane måtte ofte koke og steike til foreldra kom heim til middag klokka 13, og då blei det ofte kniving om plassen.

  

I den statlege teljinga frå 1900 finn vi familien i Hesselbergs gate 13, der dei delte husvære med Hanna Mathilde, som hadde gifta seg med Karl Magnus Andersen, og deira to små søner, Eugen Aleksander (f. 1896) og Rolf Harald (f. 1899).

  

I 1901 flytta storfamilien til Markveien 2, og Hanna Mathilde fekk eit nytt barn som blei døypt Alf. Vesle Alf levde nok ikkje så lenge. I den kommunale folketeljinga for 1904 budde familien i Thorvald Meyers gate 28, men då utan Alf og med ei lita Alfhilde i staden, fødd i teljingsåret. I 1906 flytta dei til Sunnmørsgata 1, der Marie budde saman med Hanna og familien hennar heilt fram til ho gjekk bort i 1943, fire år etter sonen Oskar, som døydde i ei bilulukke som 58-åring.

  

Oskar Braaten hadde eit nært forhold til mor si, sjølv om ho ikkje hadde evne til å forstå dei litterære interessene hans. Ho var snill og hjelpsam, eit enkelt, nesten primitivt menneske, sterk og varm. Ho var svært religiøs i sine yngre år og avslutta kvar dag med å knele i bøn saman med borna.

  

Også faren til Oskar Braaten finst i folketeljingane, om ein er litt tolmodig i søka. Han brukte nemleg to forskjellige etternamn, Hansen som ung og Haakensen etter farsfamilien, med ulike stavemåtar, då han blei litt eldre. Vi finn han i teljinga frå 1875, to år før Hanna Mathilde kom til verda. Hans Oscar Hansen, som på tidspunktet for teljinga var 19 år gammal, var registrert med bustadadresse i Sandakerveien 16 saman med mor si, Kirstine, som var enke, ein bror og ei søster, ein onkel, ein lærling og ei tenestejente.

  

Som yrke var oppført «sømand» for Hans, medan mor hans Kirstine «Driver Blikkenslagerværksted», der den ti år yngre bror hennar, Iver Gulbrandsen, etter alt å døme arbeidde som «Blikkenslagersvend». Ifølgje Aage Lind ville mora at Hans Oskar skulle ta over blekkslagarverkstaden, men han var for rastlaus til det, og reiste både til sjøs og gjekk styrmannsskule før han etter nokre år i ro som blekkslagar emigrerte til Amerika, der han slo seg ned i Chicago.

 

Barneasylet

Det vanlege for fabrikkarbeidarar var å arbeide seks dagar i veka, frå seks om morgonen til seks om kvelden, avbrote av ein halv times frukostpause og ein time middag.

I middagspausen fór mange heim for å ete og sjå til ungane som var heime åleine, eller dei kjøpte ferdigmat frå koner med middagsspann. Kom ein for seint om morgonen, blei ein utestengt til neste pause, fekk trekk i løna, i tillegg til mulkt. Det var ikkje nokon ferie før i 1913, då fekk arbeidarane tre dagar fri.

  

Arbeidslokala var mørke, støvete og bråkete, sjølv om elektrisk lys kom allereie i 1879. Kvinnelege fabrikkarbeidarar tente mindre enn mannlege, men meir enn tenestejentene, og hadde også meir fridom enn dei, trass i lange arbeidsdagar. 

  

Medan mora arbeidde på fabrikken, var vesle Oskar hos ei heimeverande nabokone i Smedgården i Sandakerveien 14, som hadde ein son på hans alder. Smedgården romma både ølsjappe og dansesalen «Asia», og blei brukt i bøkene i lett omskriven form. Vi finn Oskar innskriven i manntalet til Sagene asyl i åra 1883 og 1885, 1886 og 1887, ein forløpar til dagens barnehagar. Det første året var han der saman med søstera Hanna Mathilde.

  

Barneasyla var for fattige born og arbeidarborn, og skulle først og fremst halde ungane vekke frå «Gadelivets demoraliserende indflydelse» og lære dei «Renlighed, Lydighed og Orden». Det første asylet blei oppretta i Kristiania i 1838, og i 1886 fanst det tolv slike asyl i byen.   Byarkivet har arkiv frå fleire av dei. Barneasyla skulle vere tilhaldsstader for born av den fattigare befolkninga i alderen to-tre år til sju år, står det i statuttane til Vaterlands asyl. I stiftaren Thor Olsens testamente står det at «Fortrinnsberettigede til Optagelse i Asylet ere Børn fra 2 ½ til 7 Aar, af den fattige dagarbeidende Klasse».

  

Det kunne vere fleire hundre born i asyla kvar dag. Borna byrja dagen kl. 8-9 om morgonen eller tidlegare, og var «under Tilsyn af dertil Ansatte Damer». Borna skulle ha med seg matpakke med brød som dei skulle ete den tida dei var på asylet.

  

I asylet skulle ein drive med «Leg og passende Beskjæftigelse». Rundt kl. 9 heldt bestyrarinna ei lita andakt, og fram til klokka 12 skulle borna drive med ulike passande syslar og leik. Deretter var det fritid fram til kl. 14. Ein del av borna fór då heim og åt middag, men dei fleste blei i asylet. Middagen var ein liten porsjon suppe. Frå klokka 14 og fram til mørkret braut fram om vinteren, og fram til klokka 18 om sommaren, blei tida nytta til det same som om føremiddagen. Dagen ble avslutta med ei lita andakt.

  

Asylborna blei ofte delt inn i to grupper etter alder, og gruppene fekk vere i kvar sine rom. Dei minste plukka filler, fekk høyre eventyr, song og teikna på tavle, med leikestunder som avbrot. Frå 1850-åra blei det slutt på skuleundervisning i asyla og lagt meir vekt på å utvikle både små og store sine «Forstandsevner gjennem Fortællinger og Samtaler». Ideane til den tyske pedagogen Friedrich Fröbel (1782-1852) var viktige i sysselsetjinga av småborna. Fröbel var ein føregangsfigur i etableringa av dei moderne barnehagane.

  

Ungane i Sagene asyl reiv klutar som blei levert til Bentse Brug, som laga klutepapir av stoff, som hamp, lin og bomull. Braaten fortalde dottera at det var tanter i asylet, som lærte dei songar og salmevers og som las til dei, helst «pene» forteljingar og små eventyr. Her fekk han sitt første møte med boka.

 

Oskar blir vaksen

Oskar blei innskriven ved Sagene skole den 1. juni 1888 i klasse 1c, den same skulen der far hans hadde hatt si skuletid tjue år tidlegare. Det var fire timar undervisning per dag, anten 8-12 for dei yngste og 14-18 for dei eldre elevane. Oskar var ein pliktoppfyllande elev med lite fråvær, men i 1891 blei han sjuk og måtte først på sjukehus, deretter i rekonvalesens på Bleikøya. Han kom først tilbake til skulebenken hausten 1892. I 1896 blei han utskriven som ein av dei beste i si klasse.

  

Ved sida av skulegangen arbeidde Oskar med å bere matspann til fabrikkane. Alle gater hadde minst éi kokekone som byrja koke middag i digre kar tidleg på formiddagen. Det var både ei i «Hjemmet» og ei lenger oppe i Sandakerveien, og klokka 12 stod fulle spann på rekke og rad i entreen og heilt ut i trappa. Spanna var delte i to, den underste delen til suppe og den øvste til «ettermat», dei var hefta saman med ei reim til å bere i. «Så var det å ta desse matspannene og springe nedover til Sømmen og Hjula og Graah», til ungkarar, barnlause og andre som ikkje orka å fare heim att for å ete. I byrjinga klarte ein kanskje berre eit spann i kvar hand, men seinare øvde ein seg opp, og dei flinkaste kunne spurte nedover gata med åtte-ti spann i hendene utan å søle ein drope. Så sette dei spanna frå seg i forhallen på fabrikken og fór av garde etter nye. Det var ti øre veka for kvart spann og kjekt å legge til side litt pengar til konfirmasjonen.

  

Oskar Alexander Hansen konfirmerte seg den 4. oktober 1896 i Sagene kyrkje. Etter konfirmasjonen arbeidde han som visargut i eit boktrykkeri, men arbeidet med å drage den tunge handpressa var for tungt, så då fekk han jobb hos Bertrand Jensen, antikvarbokhandlar og landsmålsforleggjar i Pilestredet 7. Her fekk Oskar tilfredstille si enorme interesse for bøker. På denne tida hadde antikvariatet heile

50 000 bind på lager.

  

Han leverte, iallfall dei første åra, alt han tente til mor si og ho gav han 15 øre i lommepengar tilbake, så han hadde til formiddagskaffi, tobakk og sporvogn. Men Oskar brukte ikkje pengar på den nye «elektrikken», han gjekk heller til og frå sentrum – glad i å gå var han heile livet. Han sparte heller av lommepengane sine, så han kunne kjøpe fine gåver til mora til bursdag og til jul.

  

Etter kvart fekk Oskar jobb som ekspeditør på lageret og han arbeidde hos Bertrand Jensen til han var 20 år, då antikvariatet gjekk konkurs. Oskar byrja då i eit nytt antikvariat, «Bogvennen». Det nye antikvariatet blei starta av kona til Bertrand Jensen, fru Fredrikke Jensen, i Universitetsgata 18. Oskar var som ein son for ekteparet. Her blei han til 1909, først som ekspeditør og seinare fullmektig, men det gjekk så som så med butikken, og han måtte ofte vente på den beskjedne løna si.

  

Han arbeidde lange dagar og hadde lite tid til venskap i ungdomstida, men fekk likevel tid til å ta språkkurs, lese, freiste lære seg å spele kontrabass – og å skrive. Gjennom fru Fredrikke Jensen blei han også kjent med ein ung fiolinist, Ragna Aurora Martinsen – Nanna – og det oppstod, som det heiter, søt musikk. Oskar og Nanna gifta seg i 1910, fekk seg leilegheit i Marselis gate 31 og fekk seinare to born saman, Bjørn i 1912 og Berit i 1918.

 

Målsak og forfattarskap

Oskar Braaten blei ein viktig deltakar i målstriden, både som forfattar og bladmann, og i ein periode også som sjef for Det Norske Teatret. Han blei kjent med landsmålet i dei åra han arbeidde hos målmannen Bertrand Jensen. Då han slutta i «Bogvennen» i 1909 var det for å fokusere fullt og heilt på skrivinga. Han hadde debutert i 1903 med prosastykket Dømd! i målbladet Symra, og fortsette å skrive små prosastykke som kom på trykk i forskjellige blad. Det var først i 1910, med novellesamlinga Kring fabrikken. Skildringar fraa ein utkant av Kristiania, at han fann si endelege form. I ein dedikasjon til Kring fabrikken, skreiv han «[a]t ei bok fraa Kristiania av ein Kristianiamann kjem paa maalet, ja det er vel eit ‘Tidens Tegn’».

  

Det var derimot lite å tene på skriveria, og han likte ikkje å bli forsørgja av kona si. Han byrja difor å arbeide i landsmålsbladet «Den 17de Mai» i 1910, under redaktøren som er blitt omtala som hans «andre litterære pleiefar», etter Bertrand Jensen: Rasmus Steinsvik.

  

Gjennombrotet kom i 1911 med lesestykket som framleis er hans mest kjende, Ungen, der vi møter Hønse-Lovisa for første gong; ei varmhjarta kvinne som alltid har rom for einslege mødrer og ungane deira. Oskar Braaten skreiv i eit vekeblad at han med Ungen ville vise at fabrikkjentene var levande kvinner, med kvinnas «syndige» attrå og kvinnas heilage og reine kjensler. «Folk held det til vanleg for ei stor ulukke for ei gjente at ho fær eit baan. Men det er inga ulukke!» Stykket blei sett opp på Nationaltheatret første gong i 1913 og blei ein stor suksess. «[D]et var et stykke av arbeidets Kristiania man så gjenskapt på scenen,» skreiv Alf Harbitz i «Scenen».

Frå 1916 valde han vekk nynorsken til fordel for eit radikalt, dialektnært bokmål, for verkeleg å atterskape arbeidarspråket i Kristiania. I tillegg håpa han nok at overgangen til bokmål skulle føre til at bøkene selde meir. Seinare blei også dei tidlege tekstane hans utgitt på nytt i bokmålsdrakt. Økonomien var likevel eit vedvarande problem. Med bøkene sine ville han vise «at verda er noko meir enn Karl Johan. Eg er sjølv fødd i hjarta av fabrikkbyen, og hev den lukka at eg hev havt augo for folka kringum meg. Får eg høve til det, vil eg prøve på å få grave fram noko frå dei gullgruvorne som ligg ubrukte. Det er eit rikt felt.»

  I

fleire av bøkene møter vi guten og mor hans, som nesten alltid arbeider på fabrikken. Vi møter også andre lett forkledde stader i nabolaget han voks opp i, og vi kan vere nokså sikre på at fleire gamle kjenningar blei brukte som levande modellar i dei folkekjære forteljingane. Du kan ta guten ut av fabrikkbyen, men aldri fabrikkbyen ut av guten. •

 

 

Kjelder

Arkivverket, Digitalarkivet, Emigranter over Kristiania, 1871-1930

Oslo byarkiv, Fattigvesenet i Kristiania. Hjemstavnsforhør protokoll 5, folio 252, Maren Davidsen og protokoll 11, folio 265 Marie Olsen (Davidsdatter)

Oslo byarkiv, Folkeregisteret, Folketeljing 1883 Sandakerveien 12, 1901-1902 Markveien 2,

1904 Thorvald Meyers gate 28, 1906 Sunnmørsgata 1, 1912 Marselis gate 31

Oslo byarkiv, Sagene Asyl. Manntall/ nyanmeldte barn. 1865-1887

Oslo byarkiv, Sagene skole. Manntallsprotokoll. 1886-1911

Riksarkivet, Folkeregisteret, Folketeljinger 1885 Sandakerveien 12, 1891 Holsts gate 2. 1900

Hesselbergs gate 13, 1910 Sunnmørsgata 1, 1910 Marselis gate 31

Statsarkivet i Oslo, Eidsvoll menighet. Kirkebok, diverse, 1850

Statsarkivet i Oslo, Sagene prestegjeld. Ministerialbok nr. 2, 1880-1897

 

Litteratur og trykte kjelder

Braaten, Oskar (1986): Ulvehiet. Ungen. Den store barnedåpen. Oslo-fortellinger. Oslo: Aschehoug

Flood, Grete (1997): «Barneasylene. Dager med ‘Leg og passende Beskjæftigelse’.» I: Tobias. Tidsskrift for oslohistorie. Leif Thingsrud (red.). Oslo byarkiv, nr. 4/ 1997

Lauritsen, Vibeke (2011/ 2013): «Oskar Braaten». I: Allkunne, nynorsk kulturhistorie,

www.allkunne.no. Ottar Grepstad (red.). http://www.allkunne.no/default.aspx?menu=26&id=1421 [lesedato 04.06.2013]

Lind, Aage (1962): Oskar Braaten. Oslo: Aschehoug

Lunde, Trond (2004): «Oskar Alexander Hansen Braatens slekt.» I: Genealogen. Medlemsblad for Norsk Slektshistorisk Forening. Are S. Gustavsen (red.). Norsk Slektshistorisk Forening, nr. 2/ 2004

Olsen, Trude H. (2012): «Turguide Akerselva». Oslo, Bymiljøetaten

Skei, Hans. H. (2009): «Oskar Braaten». I: Store norske leksikon (Norsk biografisk leksikon).

http://snl.no/.nbl_biografi/Oskar_Braaten/utdypning [lesedato 04.06.2013]

Strandvold, Berit (1981): Oskar Braaten - i dørgløtten. Oslo:


TOBIAS 1/2013