«Fange 59. Taterpige» Ein roman om reisande i Trondheim
Over åsen kjem byen til syne. Maria stoggar og dreg sveitten av
panna. Der nede ligg han. Roleg lokkande
innom elveslynga. Fjorden glitrar i
solgangshimmelen, seglskipa ligg tett i hamna. Ho kjenner draget frå gatene. Der nede er koparspir
og røykstriper, glimtande hustak, gater og grøne hagar. Ho ser den høgbratte skansevollen med bymuren, skimtar
brua bak domen, festninga som tronar med heist
flagg på ei høgd over byen. Det kitlar i kroppen,
små ras av lykke. Tekst: Aina Basso I
2010 gav eg ut romanen Fange 59. Taterpige, som handlar om den unge jenta Maria Andersdatter som blir
sett inn i tukthuset i Trondheim fordi ho er «Tatterpige».
Romantittelen
speler på innskrifta i fangeprotokollen, der den verkelege Maria Andersdatter
blei innsett som fange nr. 1 i 1737, då ho var berre
13 år gammal. Historia
til den verkelege Maria blei utgangspunktet for romanen, men det blei naudsynt for meg – av skjønnlitterære omsyn – å endre på
historia hennar. Eg
forkorta handlingsforløpet og forenkla nokre av omstenda rundt dei verkelege,
historiske personane, og ikkje
minst dikta eg vidare på dei få linjene eg fann om denne jenta i fangeprotokollen: «Maria
Andersdatter Tatterpige 1750. Maria
Andersd. er fød i Sverrig
kom i Huuset med sine for-Ældere
som er Tarter en heel Complot,
var 13 aar Gammel 1737 d 25 May der hun kom i Huuset med fleere andere? Anno 1750 d 5 May blev hund af
Huuset frigieven, at komme
i tieneste hos Probsten Thode No. 66 Maria Andersd. er kommen
effter H. Stiftsbefl. Mandens resol. kommen til Huuset igien, saa som hun rømbte du af tieneste med 2de Slaver, og
blev indbragt igien for
sin Lieves tied 8. Octob 1750.» Den
verkelege Maria hamna altså i tukthuset 13 år gammal og sat
der til ho var 26, då ho omsider blei «frigjeven»
for å kome i teneste hos ein av tukthusforstandarane, stiftsprost Jacob Thode, som også var sokneprest til kyrkja
vi i dag kallar Nidarosdomen. Ho såg raskt sitt snitt til å rømme frå
prostens hus, men blei som innskrifta viser igjen teken til fange og på ny
sett inn i tukthuset – denne gongen på livstid. Som
roman fungerer den verkelege historia dårleg, men
som førelegg for roman fungerer den godt. Eg beheldt Maria sitt namn, men endra omstenda hennar. Eg gjorde henne tre år
eldre og lét henne sitje einast eitt år i arbeidsstovene
på tukthuset før ho kom til prosten, slik praksisen blei i siste halvdel av
1700-talet. Eg endra også namnet
på prosten, men ikkje stillinga. Prost Jacob de
Fine er i boka ein gift, men barnlaus mann. Dei
elleve borna den verkelege prosten hadde avla blei
for omfattande for boka. I staden blei han barnlaus
og måtte nøye seg med ein arrogant nevø. Tukt- og verkshus i Trondheim Eg oppdaga Maria då eg tok mellomfag i historie ved NTNU, og skulle skrive ei
semesteroppgåve om kriminalitet på 1700-talet under
rettleiing av professor Ida Bull. Eg valde ei oppgåve
som skulle bruke originalkjelder, og kjelda eg brukte var nettopp den første bevarte fangeprotokollen
frå tukthuset i Trondheim. Tukthuset var ein forløpar for det moderne
fengselet, samstundes som det var opplæringsanstalt og fungerte som
hjelpeinstitusjon for Fattigvesenet. Tukthuset var også ein
manufaktur, der varene som blei produserte skulle gi inntening
som kom Huset til gode. Det
første Tukt- og verkshuset i Trondheim var i drift frå 1630-talet til 1681, då det brende
ned. Dei fleste innsette på 1600-tallet var fattige kvinner og barn.
Institusjonen skulle fungere som ein
oppfostringsanstalt som gav arbeidsopplæring og opplæring i kristendom. Desse tidlegaste tukthusa blei
kalla spinnehus. Fangane
dreiv med spinning og veving heilt fram til 1800-tallet, i ein form for protoindustri.
Tukthuset var ein fabrikk før det kom fabrikkar. Ved
inngangen til 1700-tallet var fattigdomsproblema store i Trondheim og borgarane ville gjere noko med det. Lausgjengarar, fattiglemmar og andre uønskte element skulle bli tatt i
skule og reformerast til ein sømeleg
livsførsel som gagna samfunnet. Fattigdomen var
blitt verre etter den svenske omleiringa i 1718, under den store nordiske
krigen (1700-1721). Ved etableringa av det nye tukthuset i 1733, i Kongens
gate 85, fekk institusjonen meir
preg av straffeanstalt for tiggarar og lausgjengarar enn han hadde hatt tidlegare.
Klientane som hamna i tukthuset frå
1733 var stort sett arbeidsføre, fattige menneske. Ein
kunne hamne i tukthuset utan dom, det var nok at myndigheitene skaffa attest frå
presten eller bygdeskussmål frå tinget om
livsførsel. Kor lenge fangane blei sitjande var opp til øvrigheita. Hovuddelen av dei innsette var tiggarar og lausgjengarar, i tråd med intensjonane:
personar som var samfunnet til byrde skulle bli forbetra i anstalten. Mange stader
blei det tilsett eigne «stodderfogdar» eller «tiggarkongar» som jaga tiggarar
og omstreifarar vidare frå stad til stad, men desse
var enno ikkje komne til
Trondheim i 1750. Ikkje før på 1770-talet blei ein eigen stodderkonge tilsett i byen, etter at Thomas
Angells død og den betydelege formuen han etterlét seg trekte til seg
store tiggarskarar. Ei
anna stor fangegruppe var kvinner frådømt livet for
blodskam, men benåda. Blodskam kan best samanliknast
med vår tids incest, men slektsskapet blei definert
etter Moselovene, slik at til dømes svigerinne og
svoger blei likestilte med søsken, gjennom blandinga av blodet ved
fullbyrdinga av ekteskapet. Straffa for blodskam var døden ved halshogging
for begge partar, før kroppen skulle kastast på elden og brennast. I
tillegg skulle alt ein eigde,
det såkalla «hovudloddet»,
tilfalle kongen. Desse benåda fangane var truleg unge kvinner
som var ein stor arbeidsressurs for tukthuset. I
tillegg sat ein del inne
for lausaktigheit, gjentekne leiarmål,
fødsel i dølgsmål og tjuveri. Som konklusjon kan ein
seie at det med unnatak av tjuvane
er få av tukthusfangane på 1700-talet vi ville sett
som kriminelle i dag. Fridomen I
romanen har eg teke
utgangspunkt i eit romanifølgje på gjennomreise,
basert på innskrifta i protokollen om at Maria Andersdatter kom saman med «en heel Complot». Men fanst det fastbuande folk av reisande
slekt i Trondheim på 1700-talet? Dette kan eg ikkje svare på, men det er ikkje
utenkeleg. Det fanst fastbuande romanifolk i svenske byar,
nokre hadde endåtil byborgarskap, som Anne Minken viser i sin artikkel, så korfor skulle ikkje det same vere tilfelle i Noreg? I
tillegg til å bli frårøva fridomen
sin, som ein kan tenke seg
måtte vere noko av det
verste for romanijenta Maria, som var van med å ferdast
meir eller mindre fritt langs vegane
saman med familien og følgjet
sitt, bestod straffa av arbeid. Spinning, karding,
binding og veving; tobakksspinning og seinare
fargetrerasping. Den
store fridomen er også den avgjerande
forskjellen på faglitteratur og skjønnlitteratur: forskaren
får bruke si evne til innleving, men skal helst ikkje
dikte for mykje vidare på
kjeldene, forfattaren skal gjere
nettopp det. Slik blir skjønnlitteraturen ein
boltreplass, eg får dikte vidare
på alle dei små hinta av levd liv eg finn i kjeldene. Og eg får gjere det heilt fritt og utan å
stå til rette for nokon. Det er fiksjon, det er
underlagt andre reglar. «Ein linn haustvind løftar
stakken. Ho går ut den store hovuddøra på
tukthuset. Kroppen er underleg lett, som er han i
vatn. På gata står vogna og ventar, ein glatt hest rykker i bekselet. Ho dreg handa
langsetter flanken hans, samlar skjørta og klatrar opp. Vogna blir rykt i gang, ho held seg fast, knokane kvitnar. Bak henne
forsvinn huset. Kroppen blir lettare og lettare, stig sakte mot overflata. Byen er syrleg, skarp. Trea har illraude
kroner. Spegla i elv blir dei
uverkelege, ei verd på
undersida av denne. Ho sit åleine,
fri. Den tause ryggen til køyrekaren. Hovklakk gjennom morgongatene.»
Eg er oppteken
av at det eg skriv skal vere
mest muleg korrekt, både historisk og overfor det
eller dei eg prøver å
skildre, både med omsyn til mentalitet, kultur, sosiale skikkar,
med vidare. Eg utstyrer
ofte bøkene mine med ei kjelde- og litteraturliste bakarst,
for dei som vil lese meir,
kanskje også eit etterord der eg
går litt nærare inn på det historiske bakteppet. Artikkelen
er ein omarbeidd versjon av ei innleiing som opphavleg blei halde på Byarkivets seminar De reisende i byen, 21. mars 2012. • Kjelder: Statsarkivet
i Trondheim, Trondhjem Tugt- og Verks-Huus, Fangeprotokoll nr. 1 1737-1814.
Fange nr. 1: Maria Andersdatter. Litteratur og
trykte kjelder: Basso,
Aina (2010): Fange 59. Taterpige. Oslo: Samlaget Basso,
Aina (2011): «Frå fakta til fiksjon - Om å skrive
historiske romanar!» I: Arkivmagasinet 2/2011. Minken,
Anne (2009): Tatere i Norden før 1850. Sosio-økonomiake og etniske fortolkningsmodeller, Doktorgradsavhandling.
Universitetet i Tromsø. «Trondheim
tukthus»: http://www.kildenett.no/artikler/2007/1192708060.53
[lesedato 24.09.2012] TOBIAS 1/2012 |