[Oslo kommune, Byarkivet]


Ein heim i byen

Hotell Bondeheimen opna i 1913 i Rosenkrantz gate 8 som eit rimeleg og nøkternt hotelltilbod særleg tileigna landsungdom og tilreisande utanbysfrå. Bondeheimen var, då som no, eigd og drive av Bondeungdomslaget i Oslo, og har ei historie tett samanvoven med fleire delar av nynorskrørsla.

 

Tekst: Aina Basso


Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje

 

Det er desse orda av den store, norske diktaren Olav H. Hauge som møter meg når eg går inn hovudinngangen til Hotell Bondeheimen. Gullord nedfelte i steinhellene ved inngangsdørene. Inne i resepsjonen finn eg heile diktet på veggen:

 

Det er den draumen me ber på

at noko vedunderleg skal skje,

at det må skje -

at tidi skal opna seg,

at hjarta skal opna seg,

at dører skal opna seg,

at berget skal opna seg,

at kjeldor skal springa -

at draumen skal opna seg,

at me ei morgonstund skal glida inn

ein våg me ikkje har visst um.

 

Sitata frå norske forfattarar er blitt eit gjennomgangstema i hotellet, etter renovasjonen som har pågått dei siste åra. På avisbordet, der eg blar raskt gjennom dagens avis medan eg ventarnestleiaren for hotellet, Astrid Grytting – som skal leie meg gjennom hotellets historie over ein caffe latte på Kaffistova – står eit sitat av Ivar Aasen. På veggen, ved sida av Hauge-diktet, står eit sitat frå Andvake, den siste boka til dramatikar og forfattar Jon Fosse. Seinare skal eg bli vist inn i Haldis Moren Vesaas-rommet, der eg finn sitat frå det sterke diktet Tung tids tale:

 

Det hjelper då litt, nokre få forfrosne,

at du er varm!

 

Sitata følgjest av vakre portrett av forfattarane, 127 i talet, ein for kvart rom. Og ikkje berre eldre og yngre nynorskforfattarar. Bokmålsforfattarar med tilknyting til hotellet, som Sigrid Undset, Knut Hamsun og Alf Prøysen, har og fått sine rom, med sine portrett og sine sitat på veggane. Så får vi håpe avstanden mellom rom nummer 408 og rom nummer 414 er stor nok for Undset og Hamsun, som skal ha gjort det dei kunne for å unngå kvarandre under sine samanfallande opphald på Bondeheimen. Knut Hamsun flytta forresten inn der eit heilt år ved eitt høve, etter ein særskilt hard krangel med kona Marie.

 

Gjestar av ulikt slag

Bøndernes Hus blei teikna av arkitektane Berner & Berner, og kong Haakon 7. stod for opninga den 26. juni 1913. Den første gjesten blei teken imot 10. juni og var diktaren og skrøneforteljaren Hans Seland frå Flekkefjord. Kaffistova heldt hus i 2. etasje, Bondeheimen i 4. og 5., og nedst låg teatersalen, med kjellar og lagerrom under. Om standarden på hotellromma skreiv riksorganet Den 17de Mai at «det er ikkje mykje krot, men vakkert det vesle som er» og journalisten var over seg over at det var vatn i springen på mest kvart einaste rom.

«Bondeungdom som kjem inn til storbyen, møter sikkert også i dag store vanskar, men det er ulikt lettare å koma inn til storbyen i dag enn det var for ein 40-50 år sia. I den tida gjekk innflyttarungdomen på måfå. No har ein både Bondeheim og kaffistover som meir enn gjerne tek mot innflyttarar og så langt som råd er, gjev dei rettleiing og hjelp. På kaffistova til B.u.l. samlast innflyttarungdomen frå alle kantar av landet, her møtest dei og her finn dei kjenningar frå heimstaden sin. Her drøftar dei dagens aktuelle problem. Her lærer innflyttarar frå dei ymse kantar av landet kvarandre å kjenna og ikkje minst, her kan ungdomane vera seg sjølve same kva kant av landet dei kjem frå; og her knytest bandet mellom by og land fastare enn nokon gong før.»

Slik skreiv disponent Martin Helleland i 50-årsskriftet for Bondeungdomslaget i 1949. Formålet med å få ein Bondeheim i Oslo var nettopp dette: Å gi den tilflyttande bondeungdommen ein stad å bu, eit forankringspunkt og hjelp med å finne seg til rette i storbyen. Bondeheimen blir framleis brukt av gjestar frå bygdene, og frå andre delar av landet. Det er også fleire av dei norske forlaga som nyttar hotellet som overnatting for sine forfattarar og tilsette, då kanskje særskilt Det Norske Samlaget, som har ei historie som er nært samanvoven med den til Bondeungdomslaget, målrørsla og Bondeheimen, osb. Det Norske Teatret, som er ein av dei næraste naboane, bruker også gjerne Bondeheimen, får eg høyre.

Hotellet profilerer seg mot ulike delar av nynorskmiljøet, mot det politiske miljøet og ulikt organisasjonsliv, men også mot den internasjonale marknaden.  I dag er om lag femti prosent av hotellgjestane utanlandske, og mange av desse er forretningsfolk frå USA, Storbritannia, Sør- og Aust-Europa og våre nordiske naboland. Hotellet er også særleg populært mellom norskamerikanarar som kjem for å leite etter dei norske røtene sine i byens arkivinstitusjonar.

 

Bønder i byen

Tilflyttinga frå bygd til by var på slutten av 1800-talet enorm. Berre i det siste tiåret av 1800-talet kom om lag 75 000 menneske flyttande til Kristiania-distriktet. Det store hamskiftet i bondesamfunnet, med omlegging frå naturalhushald til salsjordbruk, gjorde at mange blei overflødige. Det skrantande jordbruket makta ikkje brødfø eit stort folkeoverskot, og taletarbeidsplassargardane minka. Vegen gjekk då for mange anten over havet til Amerika, eller til dei norske byane og industrien som hadde vakse fram der.

Men byen hadde ikkje berre lykke å tilby. For dei som kom pengelause og utan særleg nettverk var vegen kort til fattigdom, naud og heimløyse. Det var i denne tida mange lag kom til og fann si form. Bondeungdomslaget (BUL) blei skipa hausten 1899. Norskdomsrørsla hadde allereie vore i sving ei stund, målrørsla hadde førti år på baken og både organisasjonar og einskildlag hadde arbeidd spreidd, men likevel meir eller mindre under eitt, sidan 1860-åra. Målorganisasjonane flaut saman med den veksande bondereisinga utover 1800-talet og må sjåast i samanheng med denne. Av organisasjonane er Det Norske Samlaget, som feira 140-årsjubileum i fjor, eldst i flokken. Dette radikale laget fekk pressa fram viktige målkrav i Stortinget, og byrja snart å gi ut bøker på landsmål.

 

Kvinner i tet

Den første Kaffistova opna i Øvre Slottsgate 29 i 1901, og skulle vere «ein fyrsteklasses kafé med tridjeklasses prisar På det meste var det heile sju kaffistover rundt omkring i byen, og det var først frå 1980-talet at KaffistovaBøndernes Hus blei åleine om namnet og posisjonen. For oslofolk er Kaffistova kanskje mest kjent for menyen på torsdagar, då ein kan kome og ete raspeball, eller potetball, som vi seier på Sunnmøre. Men også resten av veka er restauranten godt besøkt av både hotellgjestar og osloborgarar som kjem for å få seg god, norsk husmannskost til rimelege prisar.

Noko som er interessant ved BUL og dei tilknytte verksemdene er dei mange kvinnene som har vore i leiande posisjonar gjennom heile den hundreårige

historia. Marie Kviberg var først ute med ideen, og sat i styret for den første kaffistova saman med Ivar Jørstad og Johan Taraldset. Hulda Garborg var lenge den fremste drivkrafta i både leikarbeidet og spellagsverksemda til BUL. Ho var også den som starta arbeidet med å få bygdebunadane tilbake i bruk, og som saman med ekteparet Anna og Aksel W. Joter teikna og laga prydsaum og bunadar etter innsamla tilfang. Dei danna slik «Heimen», som blei kjøpt av BUL i 1924 og den dag i dag eksisterer under same namn, og held hus til venstre for hotellrespsjonen.

 

Vegen til målet

Kanskje er det ikkje så rart at dei ulike delane av nynorskrørsla fortset å støtte opp om Hotell Bondeheimen og Kaffistova:

«Det er ikke lite nynorskbevegelsen har klart å bygge opp i løpet av hundre år med språkstrid. Mange av ressursene har målrørsla fått fra en annen nøkkelinstitusjon: Noregs Mållag og ungdomslagene i nynorskrørsla eide nemlig overnattingsstedene bondeheimene – og kaffistovene, kafeene som ble både kulturelt viktige og lukrative.»

Slik skriv Karin Haugen i ein artikkel i Klassekampen frå 2006. Vidare siterer ho Ottar Grepstad, leiar for Norsk kultursentrum, frå boka Det nynorske blikket: «For kvar ein kaffikopp og kvart eit snork på hotellromma fekk målrørsla meir å rutte med.»

I dag finst det kaffistover i Tromsø, Harstad, Mosjøen, Bergen, Gjøvik, Flekkefjord, Kvinesdal, Skien og Oslo. Til tross for kaffiprofilen, er det mattilbodet som har vore nøkkelen til suksess. Ifølgje Grepstad er målrørslas kremmersuksess tufta på at innflyttarane og dei tilreisande gjennom Bondeheim og Kaffistove fann en heim i byen. For mange var byen ein sosialt usikker arena. Då blei Kaffistova ein stad å kjenne seg trygg, og sidan det var alkoholfritt sleppte ein unna fyllerør og bråk. Blant dei som vanka på Kaffistova var ein del forfattarar, ein del heilt vanlege folk. Nokre som gjerne nemnast er Johan Falkberget, Haldis Moren og Tarjei Vesaas. Til byen kom det både fattige og rike og Kaffistova fungerte ifølgje Grepstad som ein demokratiserande møtestad. Også i dag er det ei blanding av såkalla A-kjendisar og meir anonyme folk som treffest på Kaffistova, seier han.

For min del vil Hotell Bondeheimen og Kaffistova alltid vere uløyseleg knytt til mitt første møte med Det Norske Samlaget, då eg som syttenåring var med på Samlagets manusseminar, og vi både åt lunsj og middag på Kaffistova. Også Ragnar Hovland minnest Kaffistova og god kjøtkakesmak i romanen Sveve over vatna frå 1982. Og eg minnest Hovland anno 1997. Med bart og donaldklokke om handleddet.

 

Kjelder og litteratur:

• Intervju med Astrid Grytting, nestleiar for Hotell Bondeheimen.

• Bondeungdomslaget i Oslo. 50-årsskrift. Oslo 1950. Frå arkivet til Bondeungdomslaget i Oslo (A-70006): Bondeungdomslaget i Oslo. 50-årsskrift. Oslo 1950.

• Almenningen, Olaf (m.fl.).«Og byen er vår bror…» Bondeungdomslaget i Oslo 1899 – 1989. Oslo 1989.

• Haugen, Karin: Bønner i byen. Artikkel i Klassekampen 28. oktober 2006

Tvedt, Knut Are (red.). Oslo byleksikon. Oslo 2000


TOBIAS 1/2009